Testo Kattar får namn

Testo Kattar får namn

Å finne på namn til ein katt er kje lett, det.
Du tenkjer ut eit; trur det duger med det.
Du trur kanskje lett at det skortår på vettet
når eg kviskrar deg no at ein katt må ha tre.
Aller først kjem eit namn som ein kalt hører dagleg:
Vi har Petter, Kristoffer, Kanari og Ramn,
eller Viktor og Jonatan, Biff og Bedag'leg,
alle fornuftige, vanlege namn.
Vi har flottare namn om du trur dei er betre,
somme for kjetter og somme for menn.
Vi har Platon, Asparges, Elektrikk, Misære,
men alle er namn som går ofte igjen.
Og eg veit jo at kattar treng namn som er herlege,
kjærlege, ærlege, helst noko sers.
Koss elles kan katt få efn katts uunnverlege:
Blesten i barten med halen til vérs?
Av namn av det slag kan eg gi deg ei samling:
Vi har Monkistapp, Kvakkskor og Koriopatt,
vi har Bomfallerina og Smokkate-Gamling,
namn som aldri er brukt på meir enn ein katt.
Mellom himmel og jord er det eit namn igjen no,
og det er eit namn som du ikkje får med,
eit namn som ein lærd er på leit etter enno,
berre katten sjølv veit, og han teier med det.
Om du øygnar ein katt som du trur mediterer
og spør meg, så har eg alt svaret i hamn:
Den katten du såg er eg viss på funderer
på ein draum om ein draum om ein draum om sitt namn:
eit ufatteleg, fatteleg
fattogufatteleg
djupt og forunderleg katteleg namn.
Testi Cats (Musical-Norwegen)